Sigbjørn Ravnåsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. april 2014 kl. 14:43 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Sigbjørn Ravnåsen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigbjørn Ravnåsen (fødd 26. august 1941 i Herefoss) er ein pensjonert lærar og rektor. Han vart i 2006 dagleg leiar for Haugeinstituttet i Kristiansand. Han har fireårig lærarskuleutdanning frå Kristiansand lærarskule i 1963 og har deretter teke tilleggsutdanning i kroppsøving og kristendomskunnskap. Frå 1964 til 1968 var han lærar i Flå, deretter var han to år i Indre Arna før han kom til Sauherad, der han var rektor frå 1970 til 1998. Frå 1989 til 1998 var han 1. vararepresentant frå Telemark for Kristelig Folkeparti på Stortinget. Han møtte for Solveig Sollie i perioden 16. oktober 1989 til 3. november 1990 og var då partiet sin «innpiskar» og medlem i Landbrukskomiteen.

Etter at han slutta som rektor i Sauherad, vart Sigbjørn Ravnåsen forskar i Telemarksforskning, Notodden, frå 1998 til 2005, dei første tre åra som leiar for eit forskningsprosjekt om Hans Nielsen Hauges etikk før han i 2005 så vart styreleiar og dagleg leiar av Haugeinstituttet. Han har vore aktiv i Kristelig Folkeparti på lokalt plan i Sauherad og fylkesleiar i Telemark. Frå 1986 til 1994 var han medlem av sentralstyret i partiet. Han har og vore leiar i Sund Normisjon og medlem av Sauherad sokneråd.

22. april 2014 deltok han i Valle Radio i programserien Grunnloven 200 år og snakket om Hans Nielsen Hauge og grunnloven.

Litteratur

  • Ånd og hånd: Hans Nielsen Hauges etikk for ledelse og næringsliv, Luther Oslo 2002

Eksterne lenker