Europris Evje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. mars 2026 kl. 15:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Europris sin nye butikk på Verksmoen 26. mars 2026. Den nye butikken opna 23. mars 2026.
Europris på Verksmoen.
Foto: Geir Daasvatn
Tonje Kirkholm Skauen (t.v.) og Marthe Åsen styrer Europris-butikken fra januar 2020.
Foto: Geir Daasvatn
Butikksjef 2011–2019 Leif Jørgen Versland 12. januar 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Europris Evje er ei forretning på VerksmoenEvje. Butikksjef frå januar 2020 er Tonje Kirkholm Skauen. Marthe Åsen er assisterande butikksjef. Frå 23. mars 2026 er butikken lokalisert i nytt bygg like sør for Rema 1000 Evje på Verksmoen.

Historie

Butikken var kjeden sin 191. butikk då han opna 30. juni 2011. Ved opninga hadde butikken seks tilsette, det var 50 som søkte på jobbane. Butikksjef då var Leif Jørgen Versland. Det var ordførar Bjørn A. Ropstad som klipte snora og slepte inn dei hundre kundene som stod i kø utanfor butikken. Siste kvarteret var Kjell Elvis engasjert for å underhalde dei ventande kundene.

Etter opninga i 2011 har omsetninga i butikken auka kraftig. I 2015 hadde verksemda 15–16 tilsette, og omsette for 30 millionar kroner. I 2025 var omsetninga om lag 45 millionar kroner.

I juni 2015 skjedde det ei større ombygging av butikken innvendig, kostnadsrekna til 1 million kroner. Torsdag 2. juli 2015 var det stor opningsfest for «Nye» Europris.

I mars 2017 blei Europris Evje kåra til Årets Europris-butikk i 2016 i Norge.

I mars 2026 flytta butikken ut av dei gamle lokale sør på Verksmoen og ionn i ny butikk litt lenger nord.

Kjelder

Eksterne lenker