Fyresdal Bygdemuseum
Fyresdal Bygdemuseum ligg i Øyskogen, eit parkområde i sentrum av Fyresdal med mange store, freda furutre og ei bjørkelund. Her ligg også fleire gravhaugar frå heidensk tid.
Museet har til saman 14 antikvariske hus frå mellomalderen og frametter. I sesongen er dei fleste husa opne slik at du kan sjå korleis folk levde i gamle dagar.
Museet blei etablert i 1909 og er såleis mellom dei eldre bygdesamlingane i Noreg.