Folkestadbyen
Folkestadbyen er ei samling hus sentralt i kommunesenteret Moland i Fyresdal kommune. Samlinga ber preg av ein hageby og blei bygd opp etter år 1870 stort sett av handverkarar.
Når folk i sentrale delar av Fyresdal skal bort i sentrum i ein forretning eller eit anna ærend, seier dei enno at dei skal ein tur bort i «byen».