Anne Jonsdotter Nomeland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. desember 2024 kl. 19:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anne Jonsdotter Nomeland (fødd Uppstad 1864, død 1947) var husmor og gift med lærar, predikant og klokkar i Valle Ånund Såvesson Nomeland. Dei budde i klokkargarden Ruslehaugen.

Anne skal ha hatt eit vent mål og song mykje på møta i det kristelege ungdomslaget i Valle.

Mannen Ånund døydde tidleg, bare 47 år gamal. Anne flytta då med dei fem borna ned til ein gard Ånund hadde kjøpt i Flårenden. Seinare flytta ho til Rysstad, der ho døydde i 1947.

Kjelder