Ormeholtet
Ormeholtet er ein støyl nord i Skåmedalen som høyrde til bnr. 3 på Skomedal. Det går skogsbilveg frå Skomedal inn til og forbi Ormeholtet.
Historie
Det er sterk tradisjon om rydding og gamal busetnad i Skåmedalen. Ormeholtet er ein av stadene som kan ha vore eigen gard, aleine eller saman med dei næraste støylane. Etter Svartedauden blei Skåmedalen fråflytta, og folk busette seg på den smale jordstripa nede ved fjorden.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 319 og side 349