Nasjonal Sykkelrute nr. 3

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. juli 2013 kl. 22:11 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Bildetillegg)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mellom Evjetun og Syrtveit er den gamle jarnbanelina opprusta til sitt nye formål.

Nasjonal Sykkelrute nr. 3 går frå Kristiansand til Haukeligrend. Ruta vart opna i 2002. Deler av strekninga fylgjer ruta Riksveg 9, men Nasjonal Sykkelrute nr. 3 fylgjer helst parallelle vegar på strekninga.

Eigentleg startar ruta i Hamburg og går gjennom Danmark til Hirtshals. Derifrå må ein ta ferje til Kristiansand. Frå Kristiansand til Vennesla er det ein etappe som er etter måten flat og lett å sykle. Her følgjer ein Riksveg 9. I byen er det naturleg å sykle over Grim opp til Krossen. Der skiljer Nasjonal Sykkelrutee nr. 3 seg frå Nasjonal Sykkelrute nr. 1, som følgjer Gamle Vestlandske hovedvei, mens den som skal til Haukeligrend, syklar vidare langs Setesdalsveien over Dalane og Strai til Mosby. På Mosby kan ein sjå restar etter gamle kaianlegg i Otra. Ruta kryssar elva på ei hengebru og går vidare på austsida frå Haus mot Vennesla. Det er 6 km på trafikkert veg til Vennesla. På strekningen passerer ein Vigeland Hovedgård, ein herregard frå midt på 1800-talet. Her finn ein i dag kunsthandverkarar og restaurant.

Frå Vigeland Hovedgård går ruta på sykkelsti til Vennesla sentrum. Der kan ein ta ein avstikkar til Vennesla kyrkje, som er frå 1830. Men Nasjonal Sykkelrute nr. 3 kryssar Otra og går på vestsida over Moseidmoen og oppover langs vestsida av Venneslafjorden til Bommen Fløtningsmuseum. Huset her er frå 1600-talet. Her vart tømmeret som kom nedover elva, samla og sortert. Så syklar ein vidare oppover til Steinsfoss kraftverk, der ein igjen kryssar Otra og møter Setesdalsbanen. Så går ferda opp bakkane mot Kringsjå, som var Kristiansands eldste kraftstasjon, i drift fra 1900 til slutten av 1950-åra. Her går ruta på grusveg forbi Beihølen og Skisland til Røyknes, som er endestasjonen for museumsjernbanen. Strekningen mellom Grovane og Røyknes er litt kupert, men frå Røyknes er det ikkje mykje stigning. Her følgjer ruta den gamle jernbanestrekningen.