Ulvetuva i Bykle


Ulvetuva er ein stad langt inne i bykleheiane. Dette er ei markert høgde på ein smal fjellrygg som strekk seg oppover mot Smalevasseggi, mellom Smalevatn og Reinevatn i Bykle vesthei. Det gror ei grastuste oppå toppen, og ei smal steinhelle er reist opp for å markera staden. På ein mindre stein like inntil er namnet Ulvetuva meisla inn.
Historisk hending
Det knyter seg ei segn til denne staden om ei tragisk hending som gjekk føre seg der for lenge sidan. Ei gravid kvinne var på veg over fjellet frå Suldal mot Bykle. Undervegs kom fødeselen i gong, og mannen hennar la i veg etter hjelp medan kvinna laut vera att. Så gjekk det slik til at ho vart angripen av ulvar innan hjelpa kom, så både mor og barn sette livet til på denne staden. Gruppa Fjellfolk deltok i Melodi Grand Prix 2013 med sangen Ulvetuva basert på denne hendinga.
Lett tilgjenge i dag
I samband med kraftutbygging så vart det laga til ein veg heilt inn til Store Urevatn. Denne passerar Ulvetuva med berre få hundre meter, difor kan ein nå lett koma til denne staden, som i tidlegare tider var langt inne i ville heia. Men når ein er her, så er det med vonde tankar i hugen ein ser føre seg ei vergelaus kvinne med barn som fåfengt freistar å halde svoltne ulvar på avstand. Segna fortel óg om kor hardt livet kunne vera i tidlegare tider.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Fjellfolk syng om gamal Bykle-segn i Melodi Grand Prix. Artikkel i Setesdølen nr. 7, 2013 side 3