Altifiber Cup

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. april 2023 kl. 08:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Geir Daasvatn flytte sida Europris Vårcup til TrollAktiv Cup: Arrangør har byttet navn på cupen etter skifte av hovedsponsor)
Hopp til navigering Hopp til søk
Evje stadion under Vårcupen 2015.
Turneringsleiar Pål Danielsen.
Foto: Geir Daasvatn

Europris Vårcup er ei åreviss fotballturnering for born 8–12 år på EHbanen ved Evje stadion i Evje. Cupen blir spelt ein laurdag i april månad kvar vår. Han er det største faste enkeltarrangementet til fotballgruppa i Otra IL. Turneringsleiar 2012–2016 var Pål Danielsen. I 2017 leia Geir Daasvatn turneringa. 2018–2021 leia Hilde Bjorå. Frå 2022 har Kristian Tønnesøl overtatt.

Cupen blei spelt for første gong i 2012. Då var han ei lita «miniturnering» med 14 lag og 80–100 deltakarar. I 2015 var 74 lag og 700 spelarar med. Frå 2015 gjekk Europris Evje inn som hovudsponsor for turneringa. Det er avtalt at Europris skal vere hovudsponsor ut 2022. Otra IL sin hovudsponsor, Evje og Hornnes Sparebank, er også med som ein viktig økonomisk støttespelar.

I 2015 fekk fotballgruppa tildelt 50.000 kroner frå samarbeidsprosjektet Canal Digital Gir tilbake, der Canal Digital saman med Norsk Toppfotball og Norges Fotballforbund gir støtte til utvalde breiddefotballklubbar over heile landet til ulike fotballaktivitetar. Canal Digital sitt ønske var å stø opp under arbeidet fotballgruppa gjer for borna gjennom Vårcupen, og då særleg å bidra til at turneringa fortsatt kunne vere gratis for borna.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker