Evje apotek

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. april 2013 kl. 11:06 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Evje apotek)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje apotek vart etablert 28. mars 1913 og markerte 100 år 3. april 2013. I jubileumsåret har apoteket sju årsverk og omsetninga i 2012 var på om lag 24 millioner kroner. Dagleg leiar er Kristin Gustavsen. Med seg i jubileumsåret hadde ho mellom andre Nina Ludwig, Siv Merethe Hatteberg, Cecilie Gran og Gudrun Haugen Halvorsen.

Historikk

Før Evje apotek vart etablert, måtte ein få medisin frå Kristiansand og Arendal. Det tok tid, og tidlegare driftsstyrar av nikkelgruva, Gudbrand Henriksen, var ein viktig pådrivar for å få apotek på Evje. Han skreiv brev til heradstyret, og ordførar Eirik Bjorå tok opp saka i Evje heradstyre. Den første apotekaren på Evje var Søren Sørensen.

Kjelde