Olav G. Holen jr.
| Olav G. Holen jr. | ||
|---|---|---|
| Olav G. Holen jr. 1986. Foto: Kommunearkivet i Bykle/Lokalhistoriewiki
| ||
| Født: | 9. august 1917 | |
| Død: | 31. januar 2004 (86 år) | |
Olav G. Holen jr. (fødd 9. august 1917, død 31. januar 2004) budde i Bykle. Han etterlet seg familie og vener. Gravferda var frå Bykle gamle kyrkje fredag 6. februar 2004.
Oppvekst i Nordbygdi
Olav var fødd i Myri, eitt av bruka i Holen, i Nordbygdi. Han var yngst av seks søsken som levde opp. I ungdomstida var han heime og hjelpte til på garden. Han fekk Holsmoen av far sin, og hadde planar om å dyrke opp moen. Han sette også opp eit hus. Men nydyrkinga vart aldri noko av, og huset blei ikkje bygt ferdig.
I staden reiste Olav til Kristiansand. Han arbeidde i industrien, mellom anna på Falconbridge. Seinare gjorde han forskalingssnekring og var på anleggsarbeid.
Då han blei eldre, flytta Olav attende til Bykle. Han hadde eit lite bustadhus i Nedre Sarv. Der budde han saman med broren Tarald. Den siste tida av livet var han på Bygdeheimen.
Heiemann
Sambygdingen og namnebroren til Olav, Olav M. Holen, skriv i boka si om Nordbygdi at «[d]et er vel ingen i hans generasjon som var så lommekjend i heiene som han, heilt frå Haukeli i nord, til Ryfylke i vest og Sirdal i sør». Turane att og fram i heiene var ikkje bare for moro skuld, held Olav M. Holen fram, dei var eit ledd i eit prosjekt Olav jr. hadde med å finne ut kvar dei gamle ferdavegane mellom Setesdal og grannebygdene i sør og vest gjekk.
Forfattar
Kjennskapen til dei gamle ferdavegane samla Olav i den første boka si, Ferdavegar i Bykleområdet. Ho har ikkje årstal, men kom ut på 1960-talet. Seinare blei boka noko utvida, og trykka opp på nytt. Olav gav også ut to bøker om jakt, fiske og fangst, og ei bok med dikt og songar.
Kulturmenneske
I den tida Olav budde i Kristiansand, var han aktiv i Setesdalslaget, Mållaget og i folkemusikkmiljøet. Han song og dansa, og fekk premiar på spelemannsstemner.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 9, 2004 side 2
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 185–190
- Om eigedomen Holen i Nedre Sarv og Olav G. Holen på Lokalhistoriewiki (tufta på artikkelen om same i Heimar og folk i Bykle