Breidablikk

Foto: Geir Daasvatn
Breidablikk er ein næringseigedom (gnr. 69 bnr. 53) rett ved Riksveg 9 på Byglandsfjord. Bygningen på staden blei oppført i 1979, etter at det første Breidablik Hotel brann i januar 1976. Den første tida var det kro her, seinare pub. I dag eig Solveig A. Landelius-Neset og Olav Neset eigedomen saman. Dei overtok heimelen i 2021, og planlegg eit bunadssenter her.
Kjelder
- Reidar Tveito, Byglandsfjord 2. Samferdsla frå 1804 til 1896, og 97 hus frå 1893 til 1958, Byglandsfjord, 2021, side 55