Ramselia
Ramselia var ein husmannsplass ved Storebekk på Øvre Dåsvatn i Hornnes. Han låg rett ovanfor der Storebekk kraftverk står i dag. Mads Asbjørnson Dåsvatn og kona Ingeborg Nilsdotter frå Håvestøl i Åseral budde der i mange år. Seinare flytta dei til Ytre Dåsvatn.
Kjelder
- Alf Georg Kjetså, Hornnes mi heimbygd, bind 2, 2019, side 110