Valle jordbruksklubb

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. juni 2020 kl. 12:10 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (50-årsfest)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle jordbruksklubb vart stifta i 1930 og er truleg ein av dei eldste aktive jordbruksklubbane i landet.. I januar 2020 feira dei 90-årsjubileum i Oveinang grendehus. Kvart år kårar dei vinnar av den beste kjøkkenhagen. Dei stiller også ut av «markens grøde» til hausttakkefesten i Valle kyrkje eller Hylestad kyrkje.

Lisbeth Dalquist Homme har vore leiar sidan 2000 og Åse Rike kasserar sidan 1995. Jon Ødeskaug har vore dommar sidan 1974. Andre medlemmer i klubben er Olav T. Åkre, Torhild Sandnes, Randi Gåserud Myrum, Liv Åkre Trydal, John Melhus, Malmfrid Nyborg Homme og Jorunn Åkre.

50-årsjubileum i 1980

Jubileumsfesten var i Valle samfunnshus 12. november 1980. På festen var det tale av Lars Liestøl, som synte lysbilete frå eige drivhus med tomatar og paprika. Hallvard Dale spelte fele og song og Margit K. Dale hadde gjettekonkurranse. Anne B. Homme, Torbjørg Kvasaker og Else Bø sine hagar vart premierte. Tre av dei som starta klubben, levde framleis: Jens Homme, Olav Brottveit og Torjus Åkre, som dessverre ikkje kunne vere med på festen.

Kjelder