Kringsjå kraftverk

Foto: Ole Hangaard

Foto: Geir Daasvatn
Kringsjå kraftverk var eit kraftverk i Vennesla som utnytta fallet i Paulenfoss i Otra. Kraftverket vart starta i 1900 og vart lagt ned i 1957. Sidan vart bygningane rivne og anlegget og området sperra av med gjerde.
I 2010 drukna ein mann då han fall ned i eit fem meter djupt turbinrøyr som stod att etter den gamle kraftstasjonen.
I 2013 tok Agder Energi opp eit arbeid med å opne det gamle anlegget og bygge eit amfi der som kunne brukast av alle. Steinane frå den gamle demningen vart brukte i amfiet. Samstundes blei det lagt til rette for Kringsjå turområde.
Nasjonal Sykkelrute nr. 3 går forbi Kringsjå kraftverk.