Kristin Brokke

Kristin Brokke (født 1973 i Oslo) er miljøterapeut i Valle kommune. Ho vaks opp i Kristiansand, bur i Brokke, er utdanna lærar frå Høgskolen i Oslo, der ho hadde fordjupning i kunst og handverk. Sidan arbeidde som ho som lærar i Oslo i tre år før ho kom til Valle. Etter nokre år på Hylestad skule var ho lærar på Valle skule i fem år før ho gjekk over i avdeling for habilitering. Kristin er gift med Tor Brokke, dei har to barn.
På fritida driv Kristin Brokke som kunstmålar, og 20. oktober 2012 hadde ho separatutstilling i Frikyrkja Valle. Tidlegare har ho vore med på Valleutstillinga (2001) og hatt utstilling på Frk. Larsen i Kristiansand. I starten arbeidde ho mest med figurative motiv, men etter kvart har det blitt meir abstrakte motiv i kunsten hennear. Ho har delteke på tre kurs ved Nydalen kunstskole i Oslo gjennom halvanna år. Det første kurset heitte «Finn din indre kreative stemme».
Kjelder
- Ole Birger Lien: Opnar utstilling i Frikyrkja. Artikkel i Setesdølen nr. 82, 2012 side 10
- Samtale med Bjørgulv T. Berg i Onsdagsprogram i Valle Radio 20121024
- Opplysning frå Kristin Brokke på epost 18. november 2012