Hopp til innhald

Ole Magne Omdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. september 2010 kl. 23:18 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ordførerartikkel)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ole Magne Omdal (fødd 1956) er ordførar i Iveland kommune, eit verv han gjekk inn i etter valet i 1995. Han representerer Senterpartiet. Før han vart ordførar, var han rådgjevar for næringssaker hos Fylkesmannen i Aust-Agder. Han har hatt eit sterkt engasjement for næringssaker i heile sin periode som ordførar i Iveland. Viktig har også hans engasjement vore for å auke folketalet i kommunen, mellom anna med å få personar frå Nederland til å flytte til Iveland. Arbeidet med å legge til rette for at folk kan få kjøpe større tomter når dei skal bygge hus, har også vore ein suksess i kommunen i hans tid som ordførar.

Ole Magne Omdal har vore sterkt oppteken av at kommunen skulle få ein god utbyggingsavtale i samband med Agder Energi si planlagde utbygging av Iveland kraftverk. Då den avtalen var signert, sa han til Setesdølen: -Det er eitt av dei stoltaste øyeblikka eg har opplevd i mine snart 16 år som ordførar.