TV-aksjonen 2012

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. oktober 2012 kl. 22:06 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Resultat)
Hopp til navigering Hopp til søk

TV-aksjonen 2012 sundag 21. oktober 2012 var den 39. innsamlingsaksjonen i rekka og slagordet var «Stå opp mot urett». Arrangørar var NRK og Amnesty International Norge. Inntektane var øyremerka Amnesty sitt arbete for å avsløra grove brudd på menneskerettighetar i fleire verdsdelar, mellom anna er prosjekta tilbod om menneskerettsundervisning, fremjing av minoritetar sine rettar og overvaking ved innføring av lover som diskriminerar, auking av arbeidet for å avdekkje valdtekter i krigsområde og jobbe for lauslating av ulovleg fengsla. Ingerid Stenvold og Erik Thorstvedt leia TV-programmet medan Jon Almaas var auksjonarius under sendinga.

I Setesdal gjekk bøssebærarane ut i

Innsamla pengar vart leverte i Sparebanken Sør, Evje, Sparebanken Sør, Bygland, Valle Sparebank, Valle og Sparebanken Sør, Hovden.

Resultat


Bygland kommune sitt resultat sundag kveld 19:30[1] var:

  • kr. 62.142 totalt, fordela over:
    • kr. 47.142 i bøssene
    • kr. 5.000 (talet er ikkje endeleg) frå Bygland skule sitt matsal
    • kr. 10.000 i tilskot frå kommunen

Den «best fylde bøssa» hadde kr. 5.633, og om resultatet vert dela på antall innbyggjarar har kvar av dei 1212 gjeve kr. 51.27.

Evje og Hornnes kommune sitt resultat sundag kveld[2] var:

  • omlag kr. 88.000 totalt, fordela over:
    • kr. 73.000 i bøssene
    • kr. 15.000 i tilskot frå kommunen

Den «best fylde bøssa» hadde omlag kr. 8.500, og om resultatet vert dela på antall innbyggjarar har kvar av dei 3511 gjeve kr. 25.06.

Valle kommune sitt resultat sundag kveld[3][4] var:

  • omlag kr. 85.000 totalt, fordela over:
    • omlag kr. 45.000 i bøssene
    • kr. 20.000 i tilskot frå kommunen
    • omlag kr. 22.000 frå Valle skule sin bygdekveld 17. oktober 2012, og om resultatet vert dela på antall innbyggjarar har kvar av dei 1284 gjeve kr. 66.20.

I Valle har omlag 20 vore ute med bøssene, og innsatsen til elevane ved Setesdal folkehøgskule vert satt stor pris på.

Bykle kommune sitt resultat sundag kveld[5] var:

  • kr. 129.310 totalt det er 131,25 pr person. Ein liten nedgang frå i fjor. 22 Byklarar var ute med bøsser.

Totalen er på kr. 364.452. Dette gjev eit gjennomsnitt på kr. 52,39 for dei fire kommunane sine 6957 innbyggjarar.


Referanser

Eksterne lenker