TV-aksjonen 2012
TV-aksjonen 2012 sundag 21. oktober 2012 var den 39. innsamlingsaksjonen i rekka og slagordet var «Stå opp mot urett». Arrangørar var NRK og Amnesty International Norge. Inntektane var øyremerka Amnesty sitt arbete for å avsløra grove brudd på menneskerettighetar i fleire verdsdelar, mellom anna er prosjekta tilbod om menneskerettsundervisning, fremjing av minoritetar sine rettar og overvaking ved innføring av lover som diskriminerar, auking av arbeidet for å avdekkje valdtekter i krigsområde og jobbe for lauslating av ulovleg fengsla. Ingerid Stenvold og Erik Thorstvedt leia TV-programmet medan Jon Almaas var auksjonarius under sendinga.
I Setesdal gjekk bøssebærarane ut i
- Evje og Hornnes klokka 13:00
- Bygland klokka 13;00
- Valle klokka 12:00
- Bykle klokka 14:00
Innsamla pengar vart leverte i Sparebanken Sør, Evje, Sparebanken Sør, Bygland, Valle Sparebank, Valle og Sparebanken Sør, Hovden.
Resultat
Bygland kommune sitt resultat sundag kveld 19:30[1] var:
- kr. 62.142 totalt, fordela over:
- kr. 47.142 i bøssene
- kr. 5.000 (talet er ikkje endeleg) frå Bygland skule sitt matsal
- kr. 10.000 i tilskot frå kommunen
Den «best fylde bøssa» hadde kr. 5.633, og om resultatet vert dela på antall innbyggjarar har kvar einskild gjeve kr. 51.27.
Referanser
- Annonse i [[Setesdølen nr. 83, 2012] side 1