Majorstuen
Majorstuen er eit selskapslokale og undervisningslokale med storkøkken på Evjemoen. Lokala er den tidlegare offisersmessa i Evjemoen militærleir. Adressa er Jørgen Løvlands veg 20.
Evjeklinikken Eiendom (AS) har (2019) heimelen til eigedomen (gnr. 42 bnr. 93). Evjeklinikken overtok eigedomen i 2008. Evjeklinikken brukar lokala sjølv, og leigar dei også ut til konsertar, selskap og andre tilstelningar.