Hornnes
Hornnes er ein tidlegare kommune i Setesdal i Aust-Agder. Hornnes vart sjølvstendig kommune 1. januar 1886 då det tidligare Hornnes og Iveland formannskapsdistrikt vart delt i to: Hornnes og Iveland kommunar.
1. januar 1960 vart Hornnes og Evje kommuner slegne saman til ei eining med namnet Evje og Hornnes kommune.
1. januar 1986 vart gardsnummer 125, Lislevand i Birkenes, tillagt Evje og Hornnes kommue.
Severdigheter
- Hornnes stasjon på den nå nedlagde Setesdalsbanen er teikna av arkitekt Paul Due og vart bygd i 1895. Stasjonbygningen, privetbygningen og restane av stasjonhagen vart freda i 2002.
- Hornnes kyrkje er ei laftebygd, 8-kanta kyrkje med plass til 300. Den er bygd i 1828. Hornnes er dokumentert som kyrkjestad tilbake til 1327. I tienderekneskapa i Roma er kyrkja kalla som «Ornes i Odralen provincis».
- Setesdal Mineralpark har ein 1.100m² utstillingshall sprengt inn i fjellet med mineralar og bergartar .
Fjelltoppen «Masi» er eit utsiktspunkt over Hornnes, og eit populært turmål.