Parallelltun

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. august 2018 kl. 00:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rygnestadtunet med to rekkjer med bygningar.

Parallelltun er gardstun, rekkjetun, der husa er organiserte i to rekkjer. Rygnestadtunet er eit parallelltun. Stovehusa og det eine loftet er bygde saman i ei rekkje. I ei anna rekkje framfor står løa og dei ulike bygningane for husdyr. Dette var naturleg og lageleg der landskapet halla framover. Siget frå gjødsla rann då vekk frå tunet, og gjødsla bakkane nedanfor.[1]

Referansar

  1. Leonhard B. Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 15-16