Turvegar i Valle
Turvegar i Valle er ei oversikt over turvegar i Valle kommune.
Kommuneplanen seier at attraktive aktivitetstilbod heile året er ein strategi for å nå målet om å bli ein attraktiv fritidskommune for Sør-Vestlandet. I 2017 har starta arbeidet om å oppgradere turvegar i tråd med planverket. Det har tidlegare vore eit prosjekt om å merke turvegar i Setesdal etter den nasjonale merkestandarden og vidareføringa er i tråd med denne og i samarbeid med Destinasjon Hovden.
I starten av alle turvegane er det sett opp tavler med kart over løypa, bilete og tekst på norsk, engelsk og tysk. Valle Modellverkstad til å lage tavler til dei nye turstiane. Det er i 2017 laga nye skilt til turvegane i oppskumma plast og aluminium i staden for treskilt, som ein hadde tidlegare. I 2017 vart det brukt om lag 80.000 kroner på turvegar i Valle.
- Gloppefossen turveg frå Lunden til Gloppefossen
- Rygnestad tursti. Tursti, rundløype i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap
- Einang tursti frå Rotemo til toppen av Einang
- Homfjellet tursti. Tursti over Homfjellet via Laugardalen til Homme og attende til Valle vegstasjon
- Prestefossen tursti med hengebru. Ei av sløyfene vart stengt etter skredet i Nomelandsfjellet
Kjelder
- Turvegar 2017. Statusoppdatering oktober 2017. Notat til møte i Valle kommunestyre 25. oktober 2017