Hopp til innhald

Setesdalsmuseet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. juli 2012 kl. 16:25 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Utvida med avsnitt om Formidling)
Setesdalsmuseets hovedanlegg på Rysstad.
Inngangen til Setesdalsmuseet sine kontorer
Foto: Siri Johannessen

Setesdalsmuseet er museet for Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland kommunar. Hovudkontoret ligg på Rysstad. Dagleg leiar er Anna Stella Karlsdottir og museet har 10 tilsette. Setesdalsmuseet vart stifta i 1935. Målet var å ta vare på kulturgjenstander for å hindre at dei vart selde ut av Setesdal.

Samlingar/signaturar

I samlingane til Setesdalsmuseet er det 70 bygningar, nesten 30000 gjenstander, nær 6400 mineralprøver og 53000 bilete. Dei er fordelte på ti samlingar. Dei nesten 30000 gjenstandene er fordelte slik:

  • Bykle 1124
  • Valle 13711
  • Bygland 4330
  • Evje og Hornnes 7573
  • Iveland 3033

Formidling

Utstillingar

Museet har faste utstillingar som står fleire sesongar og temporære utstillingar som står kortare tid. Dei fleste avdelingane har kulturhistoriske utstillingar. I tillegg kjem ulike temautstillingar. Temautstillingane i Bykle er Jernvinnemuseet på Hovden og Bykle gamle kyrkje. Temautstillingane i Valle er Rygnestadtunet og Tveitetunet, medan sentralbygget på Rysstad har Hans Henrik Holm si diktarstove, So gjekk me kledde i Råbyggjelaget, Kraftutbygging i Setesdal og Løylandsamlinga. Forsvarsmuseet har ei fast forsvarsutstilling og ei utstiling om Jørgen Løvland. På Fennefossmuseet er det ei Apotekutstilling og ei mineralutstilling. På Iveland og Vegusdal bygdemuseum er det ei fast draktutstilling og utstillinga Teknikk og tradisjon i jernalderen.

Temporære utstillingar i 2012 på Rysstad var Setesdal sett med kunstnarauge og Frå hest til hestekrefter - vinterferdsle i hei og utmark. Tidlegare temporære utstillingar har mellom anna vore Noregs internasjonale operasjonar etter 1989 på Forsvarsmuseet.

Tilbod til skular

Setesdalsmuseet har og tilbod om å kome til skular og presentere program gjennom Den kulturelle skolesekken. Blant anna har dei laga ein presentasjon saman med Agder Folkemusikkarkiv: Hylestadportalane i musikk og bilete. Andre slike tilbod er Kom skal vi klippe sauen og Draktskikk. Frå vogge til grav.

Skriftleg formidling

Skriftleg formidling er og viktig for Setesdalsmuseet. Dei har ein serie hefter som vert kalla Råbyggjeserien. Dei tilsette har og oppgåver knytt til utgjeving av bøker, der dei dreg nytte av biletsamlinga på museet. I 2011 gav Leonhard Jansen ut boka August Abrahamson - fotografiske plater. Same året kom og Folkefest frå fjell til fjord, ei bok om 17.mai-feiringa i Setesdal og Vest-Telemark med bilete frå samlinga til Setesdalsmuseet. Soger og segner, viser og vers - Folkeminne frå Agder er ei anna bok basert på samlingane etter Jon Løyland som Leonhard Jansen gav ut i 2008.

Eksterne lenker