Energiparken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. oktober 2017 kl. 06:42 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Energiparken Iveland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Energiparken er eit nærmiljøanlegg rett ved sida av Skaiå barnehageSkaiå i Iveland. Anlegget har balløkke med kunstgras, der ein også kan spele basketball og innebandy med meir, sandvolleyballbane og tribune/amfi i stein. I tillegg er det flomlys. Iveland kommune er eigar av anlegget. Byggekostnaden var ca. 2 millionar kroner. Agder Energi ytte tilskot på ein million. Spelemidlar frå Staten, bevilga gjennom Aust-Agder fylkeskommune, var om lag 650.000 kroner. Kommunen dekka resten sjølv.

Parken blei offisielt opna 28. oktober 2017. Konsernsef i Agder Energi, Tom Nystedt, og kultursjef i Aust-Agder fylkeskommune, Hege Solli, deltok saman med ordførar i Iveland Gro-Anita Mykjåland og ei stor folkemengde.

Kjelder