Bygland ambulansestasjon
Bygland ambulansestasjon ligg rett sør for Byglandsheimen i Bygland. Stasjonen blei offisielt opna 3. oktober 2017 med snorklypping av ordførar Leiv Rygg Langerak. I tillegg til rom for ambulansar har bygget ein eigen del for bilar og utstyr for heimesjukepleien.
Evje Bygg var totalentreprenør for bygget. RJA Bygg og Prosjektering teikna og prosjekterte bygget. Bademiljø Ragnar Aas utførte røyrleggararbeidet. Grunnarbeidet stor Entreprenør Rune Hodne for. Evje Glass Service leverte portar og dører. Ansvarleg for det elektriske arbeidet var Evje Elektriske.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Opna ambulansestasjon i Bygland, artikkel i Setesdølen nr. 68, 2017, side 7
- Evje-basert arkitektfirma i prosjektet, stykke i Setesdølen nr. 69, 2017, side 7
- Annonser i Setesdølen nr. 69, 2017, side 6-8