Ose Motorfestival 2017

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juli 2017 kl. 23:43 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet navn Ingvald Ingebretsen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Program 2017.

Ose Motorfestival 2017 blir arrangert på Reiårsfossen CampOse i Bygland fredag 14. juli - søndag 16. juli 2017. Motorfestivalen er eit arrangement der ein ønsker å samle motorinteresserte og entusiastar frå heile Sør-Noreg. Arrangørane tek sikte på å samle bilar, båtar, fly, lastebilar, traktorar, stasjonære motorar, MC/mopedar og alt som elles har med motor å gjere. På kveldane vil det vere musikk og underhaldning. Det vil vere tilbud om overnatting på Reiårsfossen Camp.

Blant artistene er Vazelina Bilopphøggers, Popnagel og Stein Roger Sordal med band. 

Pådrivarar og arrangørar er Dreng Ose og Erik Heistad. Festivalvertinne er Signe Røinås. Ansvarleg for web og foto er Ingvald R. Ingebretsen.

Kjelder og eksterne lenker