Ingmar Brokka Rike
| Ingmar Brokka Rike | ||
|---|---|---|
Foto: Håvar Stiansen
| ||
| Født: | 19. mai 1977 (48 år) | |
Ingmar Brokka Rike (fødd 19. mai 1977) er journalist i Agderposten, der han jobbar som frontredigerer. Han bur i Kolbjørnsvik saman med Julie Ørum, dei har to barn. Tidlegare arbeidde han for Media Service på Tromøy, selskapet bak mellom anna filmen om Svartedauden. Sjølv stod Ingmar Brokka Rike for regi, foto og redigering av Vallefilmen, der Vidar H. Homme var produsent og Leonhard Jansen laga manuskriptet.
Ingmar Brokka Rike gjekk på Hornnes gymnas, deretter studerte han på Gimlekollen mediesenter før han reiste til Farnham i England og studerte ved University for the Creative Arts UCA. Han er frå Valle, son til Magne Rike og Bjørg Brokka Rike.