Emelia Tveitå
Emelia Tveitå (fødd 2002) bur på Hornnes og er skuleelev. På fritida er ho ein hardtsatsande friidrettsutøvar. Søndag 19. februar 2017 vann ho Ungdomsmeisterskapen i friidrett, mangekamp, klasse J15, under NM i mangekamp innendørs i Sandnes. På veg mot gullet sette ho fire personlege rekordar i femkampen.