Spisekroken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. april 2012 kl. 22:42 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Spisekroken)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Spisekroken er ei sal-, serverings- og cateringbedrift på Evje. Spisekroken opna 16. april 2012 og sel skulebrød og bollar, kringle og brød, pizzabollar, kaffi og anna drikke. Heidi Ose driv og er einaste tilsette i verksemda, som held til i det gamle bakeriet på Evje. Ho baker ikkje sjølv, varene får ho frå bakeriet Knut Moseid i Vennesla, men baguettar og horn og catering vert ordna frå Spisekroken.

Opningstidene er frå klokka 9 til 17 kvar dag, men til 18 på fredagane. Laurdag er butikken open frå klokka 10-15. Bestillingar kan ein gjere i telefon 9588 8907

Kjelde