Coop Prix Hylestad
Coop Marked Hylestad er ein daglegvarebutikk på Rysstad i Hylestad i Valle. Butikken hadde ei omsetning på 19 millionar kroner i 2015. Det er i underkant av seks årsverk tilsett i verksemda. Ingebjørg Ellinor Rysstad er butikksjef.
I november 2016 blei det kjent at butikken skal utvide lokala med 200 m2 i 2017. Eigaren Coop Sørvest vil investere opp mot 4 millionar kroner i utvidinga. Samstundes skal heile butikken innreiast på ny. I samband med ombygginga vil butikken også bli gjort om til ein Coop Prix-butikk. 29. juni 2017 er planlagt opningsdag for den nye butikken.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Utvidar butikk for 4 mill. kr., artikkel i Setesdølen nr. 86, 2016, side 6
- Ole Birger Lien, Coop-en på Rysstad blir Coop Prix!, artikkel i [[Setesdølen nr. 13, 2017, side 12