Kolandsheia

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. januar 2017 kl. 09:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fv-462)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kolandsheia er strekninga mellom Hægeland i Vennesla og Bjelland i Marnardal. Vegen her vart utbetra og 6 km asfaltert i 2013. Heile strekninga er på 15 km. Namnet Kolandsheia er ikkje godkjent av Kartverket, dei har anbefalt Rolandsheii som rett form. Men Marnardal kommune brukar namnet Kolandsheia i sitt økonomiske kart.

Historie

I 1892 tok arbeidet på Setesdalsbanen til. Det var klart at jernbanen måtte få konsekvensar for kommunikasjonane i mange bygder i indre Agder. Det var om å gjere å få vegar fram til banen. Eit vegsamband frå Bjelland over Kolandsheia til Hægeland tvinga seg no fram. Amtstinget drøfta dette sambandet i 1892. Men først i 1894 løyvde amtstinget pengar til vegen. Andre som bidrog til å finansiere vegen var Bjelland og Grindheim kommunar, private interessentar, Setesdalsbanen og Kristiansands Brændevinssamlag. Vegen stod ferdig i 1897.[1]

Vegen over Kolandsheia er i dag Fylkesveg 462.

Kjelder

Referansar

  1. Magnus Breilid, Kultursoga for Bjelland og Grindheim, utgjeve av bygdesogenemndene i Bjelland og Grindheim, 1974, side 67-68

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...