Oppas Hus
Oppas Hus er ein brukt- og antikkbutikk i regi av Åseral frivilligsentral i sentrumsgata i Kyrkjebygda i Åseral. Butikken opna 26. november 2016. I månadane før opninga blei det gjort eit omfattande dugnadsarbeid frå friviljuge hjelparar. Frivilligsentralen får disponere huset gratis av Åseral kommune.
Oppas Hus er eit prosjekt drive av frivillige. Tanken er at butikken skal vere ein møteplass, eit sosialt fellesskap, der meiningsfulle dagar og mestring står i sentrum. Inntektene frå butikkdrifta skal gå til å dekke utgiftene i prosjektet.
Namnet på butikken stammar frå tida då Åsmund Fiskland dreiv landhandel i bygget saman med systera Tordis. Landhandelen blei kalla «Oppa». Huset vert den dag i dag kalt huset til «Oppa». Namnet på den nye brukthandelen sa seg då nærast sjølv.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Brukthandel i «Oppas Hus»!, artikkel i Setesdølen nr. 91, 2016, side 4