Oppas Hus
Oppas Hus er ein brukt- og antikkbutikk i regi av Åseral frivilligsentral i sentrumsgata i Kyrkjebygd (Åseral)|Kyrkjebygda]] i Åseral. Butikken opna 26. november 2016.
Oppas Hus er eit prosjekt drive av frivillige. Tanken er at butikken skal vere ein møteplass, eit sosialt fellesskap, der meiningsfulle dagar og mestring står i sentrum. Inntektene frå butikkdrifta skal gå til å dekke utgiftene i prosjektet.
Namnet på butikken stammar frå tida då Åsmund Fiskland dreiv landhandel i bygget saman med systera Tordis. Landhandelen blei kalla «Oppa». Huset vert den dag i dag kalt huset til «Oppa». Namnet på den nye brukthandelen sa seg då nærast sjølv.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Brukthandel i «Oppas Hus»!, artikkel i Setesdølen nr. 91, 2016, side 4