Astrid Moi
| Astrid Moi | ||
|---|---|---|
| Født: | 9. april 1935 (91 år) | |
Astrid Moi (fødd 9. april 1935) bur på Byglandsfjord. Ho gjekk på Hornnes landsgymnas. Seinare hadde ho eit variert yrkesliv. Ho hadde ikkje lærarutdanning, men vikarierte i 1950- og 1960-åra på dei fleste skulane i Bygland i tilsaman 11 år. I 1970-åra var ho hjelpepleiar på Byglandsheimen. I 1978 kom ho over i likningsetaten. Ho var i den etaten i Bygland til 1989. Då flytta ho til Narvik, og blei verande der i tre år. I eit avbrot der tok ho Skatteetatskulen i Bergen. Frå Narvik flytta ho først til Birkeland og til slutt til Bykle. Der var ho likningssjef til ho gjekk av med pensjon i 1998.
Astrid var gift med Hallvard Frøysnes. Dei skilde lag i 1984. Dei har barna Vidar Frøysnes, Torjus Moi Frøysnes, Sigrun Frøysnes Flaa og Aslaug Moi Frøysnes.
Astrid Moi har vore engasjert i lokalpolitikken. Då Magnhild Rygg var ordførar i Bygland, var det fire kvinner og ein mann i formannskapet. Astrid representerte Arbeiderpartiet.
Kjelder
- Informasjon frå Facebooksida til Astrid Moi
- Sigurd Haugsgjerd: Magnhild - ein pionér. Artikkel i Setesdølen nr. 73, 2013 side 7
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 118-120