Lauvdalsodden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. oktober 2016 kl. 06:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om Rindeberg)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauvdalsodden.

Lauvdalsodden er eit nes som stikk ut i Byglandsfjorden vest for busetnaden på Lauvdal i Bygland, der fjorden eit lite stykke gjer ein sving mot vest. På odden ligg det eit heilt felt med gravrøyser. Fem er rundhaugar. Den sjette, den største, er ein langhaug som er ca. 30 meter lang og dominerande i landskapet. I følge segna skal den svære røysa ha blitt bygd som vern mot Olav den Heilage. Rindeberg er ein særmerkt stad lengst vest på Lauvdalsodden, som det også knytar seg segn om Olav den Heilage til. Innan synsvidde ligg gravrøysa på Nånesodden.

Kart

Laster kart ...

Kjelder