Lauvdalsodden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. oktober 2016 kl. 14:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lauvdalsodden er eit nes som stikk ut i Byglandsfjorden vest for busetnaden på Lauvdal i Bygland, der fjorden eit lite stykke gjer ein sving mot vest. På odden ligg det eit heilt felt med gravrøyser. Fem er rundhaugar. Den sjette, den største, er ein langhaug som er ca. 30 meter lang og dominerande i landskapet. I følge segna skal den svære røysa ha blitt bygd som vern mot Olav den Heilage.

Kart

Laster kart ...

Kjelder