Yasmin Syed
| Yasmin Syed | ||
|---|---|---|
| Født: | 7. november 1966 (59 år) | |
Yasmin Syed (fødd 7. november 1966 i London) er programleiar og kanalvert i NRK1 frå 1999. Ho vaks opp i Vinje og har studert musikk, teater og dans med fordjuping i sang ved Pacific Lutheran University i Tacoma i Washington, USA.
Som skodespelar har ho vore med i filmen Halveis til Haugesund (1997), Familiesagaen De syv søstre (1999). I 2002 og 2003 var ho chattevert i livssynsprogrammet STYRK live med Styrk Trondsen Fjærtoft og i 2008 var ho programleiar i Julemorgen saman med Kåre Magnus Bergh.
14. oktober 2016 og 15. oktober 2016 var ho foredragshaldar på Bygland Mållag sin kulturkveld og haustseminar på Ose grendehus og fortalde om arbeidet med programmet Dialektriket saman med professor Martin Skjekkeland. Ho er ein medviten nynorskbrukar og fekk Alf Helleviks mediemålpris i 2008 og Kringkastingsprisen i 2009.
Kjelder
- Artikkel om Yasmin Syed på Wikipedia
- Sigurd Haugsgjerd: Haustseminar på Ose. Artikkel i Setesdølen nr. 69, 2016 side 2