Langenesøyi
Langenesøyi er ei øy sør for Daleviki (Dalebukta) i Byglandsfjorden ved Dale. Øya er bygd ut med mange fritidsbustader.
Langenesøya var tidlegare eit nes i fjorden. Men ved oppdemminga tidleg på 1900-talet steig vasstanden med opptil 3 meter, og neset blei til ei øy. Når fjorden i periodar av året er sterkt nedtappa, blir øya til eit nes igjen.