Evje apotek

Evje apotek vart etablert ved kgl. res. 28. mars 1913 og opna for publikum 30. april 1914 på eigedomen Vonheim i Evje sentrum. 3. april 2013 markerte apoteket 100 år med jubileumskake til kundane. I jubileumsåret har apoteket sju årsverk og omsetninga i 2012 var på om lag 24 millioner kroner. Dagleg leiar er Kristin Gustavsen. Med seg i jubileumsåret hadde ho mellom andre Nina Ludwig, Siv Merethe Hatteberg, Cecilie Gran og Gudrun Haugen Haavorsen.
Historikk
Før Evje apotek vart etablert, måtte ein få medisin frå Kristiansand og Arendal. Det tok tid, og tidlegare driftsstyrar av nikkelgruva, Gudbrand Henriksen, var ein viktig pådrivar for å få apotek på Evje. Han skreiv brev til heradstyret, og ordførar Eirik Bjoraa tok opp saka i Evje heradstyre. Den første apotekaren på Evje var Søren Sørensen.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Feira 100-årig pilletrillar! Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2013 side 6
- Anfinn Lislevand, Evje Apotek oppretta 28. mars 1913 - opna 30. april 1914, artikkel i Arnstein 2012, side 44-50