Evje apotek
Evje apotek vart etablert ved kgl. res. 28. mars 1913 og markerte 100 år 3. april 2013 med jubileumskake til kundane. I jubileumsåret har apoteket sju årsverk og omsetninga i 2012 var på om lag 24 millioner kroner. Dagleg leiar er Kristin Gustavsen. Med seg i jubileumsåret hadde ho mellom andre Nina Ludwig, Siv Merethe Hatteberg, Cecilie Gran og Gudrun Haugen Haavorsen.
Historikk
Før Evje apotek vart etablert, måtte ein få medisin frå Kristiansand og Arendal. Det tok tid, og tidlegare driftsstyrar av nikkelgruva, Gudbrand Henriksen, var ein viktig pådrivar for å få apotek på Evje. Han skreiv brev til heradstyret, og ordførar Eirik Bjoraa tok opp saka i Evje heradstyre. Den første apotekaren på Evje var Søren Sørensen.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Feira 100-årig pilletrillar! Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2013 side 6