Valle Radio 25. januar 2012
Valle Radio 25. januar 2012 er nettsida til sendinga i Valle Radio onsdag 25. januar 2012 klokka 18. Teknikar var Inga Flateland. Denne kvelden overførte ein januarmøtet i Valle kommunestyre. Etter at kommunestyremøtet var slutt, hadde Ole Birger Lien ein prat med nokre av politikarane om møtet og ei oppsummering av sakene.
Program
- Orientering: Pleie og omsorg ved Aina C. Oksholen. Tema: Etisk kompetanse i pleie og omsorg
- Grunngjevne spørsmål frå Steinar Kyrvestad:
- Kan ordføraren sørge for at kommunestyret blir informert om interkommunale helseprosjektet i regionen? Vil gjerne ha folk frå sjukehuset til å orientere. Ordføraren orienterte om at felles kommunestyremøte 15. desember 2011 hadde ei slik orientering. Det kan vere høveleg å ha slik orientering kvart halvår. Det vil vere høveleg å ha ei slik orientering i augustmøtet.
- Ferietur for brukarar i habiliterting. Det er planar om å spare i lovpålagde tenester og at ein difor vil fjerne dette. Forslag om at ein i dag vedtek at dette vert oppretthalde. Ordføraren opplyste at kuttet alt skjedde i 2011, og ikkje vart teke opp att i 2012. Ordføraren ville ikkje behandle forslaget i dette møtet, men ville sende det over til administrasjonen for utgreiing.
PS 1/12 Referatsaker
- RS 1/12 Ny oppnemning av medlemar i villreinnemnda for Setesdalsregionen for 2012-2015.
- RS 2/12 Oppnemning av kandidatar til regionalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.
PS 2/12 Førespurnader
- Kim Pedersen: Er kommunen ein pådrivar i høve til straum til Bjørnevassområdet? Ordføraren svarte at det er under legging ein kabel opp dalen, både straum og fiber. Dette vert gjort i høve til utbygginga av Valle Sør og Nord. Valle Infrastruktur fylgjer opp denne saka.
- Toralf Andersen: Vi treng ein forvaltningsrevisjon i Valle kommune. Kva meiner ordførar og rådmann? Ordføraren svarte at Kontrollutvalet alt har teke initiativ i denne saka og at han vil føre spørsmålet vidare til Kontrollutvalet. Rådmannen var samd i dette.
- Margit Dale: Kan ein få opp eit handikap-skilt ved rampa opp til idrettshallen og at snøen vert fjerna. Ordføraren svarte at det truleg var ein sak for vaktmeisteren og rådmannen ville ta saka med seg.
- Hildeborg Homme: Kan politikarane vurdere å setje i sving skibuss til Brokke frå Valle og Rysstad? Ordføraren syntest det var ein god idé og ville sende det over til det nye oppvekst- og kulturutvalet. Ho hadde og eit spørsmål om sjukefråver kunne publiserast avdelingsvis. Rådmannen svarte at leiargruppa hadde dette oppe på alle møtene og kunne splitte det opp, men at det ikkje var tilgjengeleg i dette møtet.
PS 3/12 Oppretting av oppvekst- og kulturutval.
Astrid Kyte, Hildeborg Homme, Tarald Myrum og Steinar Kyrvestad hadde ordet.
PS 4/12 Samarbeidsavtalar med SSHF
- Steinar Kyrvestad og Tarald Myrum hadde ordet.
PS 5/12 Interkommunalt helseprosjekt i Setesdal
- Prosjektrapport frå prosjekt Psykisk helse og rus