Valle Radio 25. januar 2012

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. januar 2012 kl. 19:39 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Program: grunngjevne spørsmål)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle Radio 25. januar 2012 er nettsida til sendinga i Valle Radio onsdag 25. januar 2012 klokka 18. Teknikar var Inga Flateland. Denne kvelden overførte ein januarmøtet i Valle kommunestyre. Etter at kommunestyremøtet var slutt, hadde Ole Birger Lien ein prat med nokre av politikarane om møtet og ei oppsummering av sakene.

Program

  1. Kan ordføraren sørge for at kommunestyret blir informert om interkommunale helseprosjektet i regionen? Vil gjerne ha folk frå sjukehuset til å orientere. Ordføraren orienterte om at felles kommunestyremøte 15. desember 2011 hadde ei slik orientering. Det kan vere høveleg å ha slik orientering kvart halvår. Det vil vere høveleg å ha ei slik orientering i augustmøtet.
  2. Ferietur for brukarar i habiliterting. Det er planar om å spare i lovpålagde tenester og at ein difor vil fjerne dette. Forslag om at ein i dag vedtek at dette vert oppretthalde. Ordføraren opplyste at kuttet alt skjedde i 2011, og ikkje vart teke opp att i 2012. Ordføraren ville ikkje behandle forslaget i dette møtet, men ville sende det over til administrasjonen for utgreiing.

PS 1/12 Referatsaker

  • RS 1/12 Ny oppnemning av medlemar i villreinnemnda for Setesdalsregionen for 2012-2015.
  • RS 2/12 Oppnemning av kandidatar til regionalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

PS 2/12 Førespurnader

PS 3/12 Oppretting av oppvekst- og kulturutval.

PS 4/12 Samarbeidsavtalar med SSHF

PS 5/12 Interkommunalt helseprosjekt i Setesdal

  • Prosjektrapport frå prosjekt Psykisk helse og rus

PS 6/12 Markering og feiring av 17. mai i Valle kommune

PS 7/12 Tilsynsrapport Valle skule 2010/2011

PS 8/12 Tilsynsrapport for Hylestad skule 2010/2011

PS 9/12 Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder IKS. Endring av selskapsavtale.

PS 10/12 Fullføring av fibernettubygging og eigarskap til nettet

Kjelde