Evje Aktivitetspark

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2016 kl. 16:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Idrettsbygget)
Hopp til navigering Hopp til søk
Evje Aktivitetspark under Steinsfjell. I bakgrunnen dei fem nye hoppbakkane og sykkelløypene i Trollbakken. Foran ligg kunstgrasbanen og grasbanen. Til høgre i biletet slyngar lysløypa seg utover mot Evjemoen.

Evje Aktivitetspark er frå 2016 fellesnamnet på alle idrettsanlegga ved Steinsfjell i Evje. Evje og Hornnes kommune har gjort vedtak om namnet, etter framlegg frå Otra IL.[1] Aktivitetsparken omfattar kunstgrasbanen og resten av fotballanlegget (grasbane m.v.), Tufteparken Evje, sandvolleyballbanen, Evje lysløype, Idrettsbygget, Trollbakken hoppanlegg og dei nye sykkelløypene i Trollbakken. Evje og Hornnes kommune eig grunnen i heile området, men har leigd vekk eit større område i Trollbakken til Otra IL. Dei ulike idrettsanlegga i parken er dels eigd av kommunen og dels av Otra IL.

Framtidsplanar

Det er under planlegging eit nytt klubbhus/aktivitetshus i området ved kunstgrasbanen. Fleire undergrupper i Otra IL og nokre andre lag og foreninger er involverte i desse planane. På sikt er det også tankar om å bygge ein ny kunstgrasbane på det resterande grasarealet. Otra IL ski har planar om å bygge rulleskiløype med asfaltunderlag i området.[2]

Referansar

<references>

  1. Opplyst av dagleg leiar Tony Halsall under styremøte i Otra IL 21. januar 2016
  2. Otra ILs anleggsplan, vedteke på årsmøte 22. november 2012 (årleg rullering)