Sandnes-Harstadberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. januar 2016 kl. 11:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nomeland Anlegg hadde arbeidet med å bygge den nye parsellen. Her er han under arbeid ved Kveste 30. desember 2015.

Sandnes-Harstadberg er ein parsell av Riksveg 9 som vart lyst ut på anbod i 2015. Parsellen er ein 4260 meter lang strekning mellom Harstadberg og Sandnes i Valle. I anbodet var det også teke med 1770 meter lang gang- og sykkelveg. Prosjektet omfatta mellom annan to kulverter, 44 lysmaster og seks busslommar. Parsellen skulle vere ferdig med asfalt innan 15. oktober 2016 medan arbeidet med sideareal skulle vere ferdig innan 1. juni 2017.

Sju verksemder leverte inn anbod på vegen:

  1. Nomeland Anlegg: 53 964 592 kroner
  2. Lindland Maskin: 56 859 324 kroner
  3. Uppstad Transport & Anlegg 59 885 142
  4. Risa 61 962 522
  5. Hovden Hytteservice 61 998 632
  6. Isachsen 65 694 834
  7. Bertelse og Garpestad 65 881 330

Kjelde