Åseral bedehus
Foto: Geir Daasvatn
Åseral bedehus er det nye bedehuset i Kyrkjebygd i Åseral. Det ligg sentralt rett bak Åseral kyrkje, og nær kommunehuset og Minne Åseral kultursenter. Bygget stod ferdig våren 2015, og vart offisielt opna i mai dette året. Mykje av arbeidet med å føre opp bygget vart gjort på dugnad.
Bedehuset er organisert som eit samvirkeforetak. Styreleiar er Tove Forgard. Dagleg leiar er Åsmund Forgard. Føremålet til foretaket er å eige og låne ut bedehuslokalet til kristne lag og foreiningar.
Det gamle bedehuset Betesda blei rive hausten 2015.