Geir Ola Tveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. desember 2015 kl. 09:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Et par lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Ola Tveit
Født: 28. oktober 1959 (66 år)

Geir Ola Engeli Tveit (fødd 28. oktober 1959 i Skien) var sokneprest i Vegusdal og Herefoss i 17 år frå 1998. I 2015 vart han tilsett som ny sokneprest for Konsmo, Grindheim og Åseral og 23. august 2015 innsett som dette i Åseral kyrkje. Tveit er frå Øyslebø og då han vart prest i Åseral, kjøpte han hus på Byremo. Han er gift med Nina Elisabeth Lindland Tveit. Dei har to barn.

Geir Ola Tveit vart student i 1978 og tok teologisk embetseksamen i 1985 på Menighetsfakultetet. Året etter tok han praktikum og vart så ordinert til feltprest. Den tenesta hadde han på Andøya flystasjon. Deretter var han kapellan i Lenvik i 1989.

Kjelde

  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater Verbum 2000

Eksterne lenker