Hopp til innhald

Guddalsvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. desember 2015 kl. 10:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fjernet uvirksom lenke)

Guddalsvegen er ein skogsbilveg på Gautestad ved Høvringsvatn nord-aust i Evje og Hornnes. Han går nord-vestover frå Sandkilvegen rett nedanfor Gautestad kurs- og misjonssenter til Breierkilen i Høvringsvatn, der han kryssar Hisåna. Derfrå går vegen meir rett vestover inn til søre enden av Guddalsvatn. Ein arm av vegen går i nordleg retning mot Bekkerhusvatnet. Delar av vegen er så nybygde at dei ikke er teikna inn på alle kart enno.

Kjelder

  • Høgås - Gautestad, tur- og løypekart, utgjeve av Otra IL 2009
  • GISLINE Webinnsyn Setesdal

Kart