Hovatn (Bygland)
Hovatn er eit regulert vatn på heia på austsida av Byglandsfjorden (Åraksfjorden) i Bygland kommune. Første konsesjon til å demme opp vatnet vart gjeve i 1912. Vatnet frå Hovatn vert ført i tunnel og utnytta til kraftproduksjon i Hovatn kraftverk.
Kjelder
- Sigurd Skomedal, I skiftende tider og inn i en ny tid, Kristiansand, 2000, side 30