Soga

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. juli 2015 kl. 01:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet en faktisk feil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Soga i dag. Kilefjorden til venstre og Otra nedover mot Gåseflåfjorden til høgre.

Soga (Kilesoga) er ein tidlegare foss i Otra ved utlaupet av Kilefjorden ved Kile i Vennesla. Elva var opprinneleg smal her, og det var som om ho vart sugd ut av Kilefjorden. Ved oppdemminga av Gåseflåfjorden aust for Kilefjorden først på 1950-talet vart vannspeilet i Gåseflåfjorden heva med 11 meter, og kom opp praktisk talt på høgde med Kilefjorden. Då forsvann fossen Soga, og det blei bare att eit lite stryk med opp til ein halv meters skilnad.[1]

Setesdalsbanen gjekk forbi her fram til 1962.

Kart

Laster kart ...


Referansar

<references>

  1. Salve Øina, Noke frå indre Agder, STAS 2014, side 7